Val: Korleis vil du ha det? Engasjer deg i stipendiatkvardagen din!

Det nærmar seg val til ulike råd og styrer ved Det psykologiske fakultet. Stipendiatar er ei viktig gruppe på fakultetet og vi kan og skal ha ei viktig stemme i saker som kontinuerleg blir tatt opp og handsama på ulike nivå ved fakultetet. Kvart år er det val av gruppe B-representantar. Dette er midlertidig tilsette ved fakultetet, og her høyrer stipendiatar til, både internt og eksternt finansierte. Val til instituttråd og fakultetsstyre står på trappene og vi må mobilisere stipendiatgruppa slik at vi sikrar den representasjonen vi vil ha!

Kunne du tenkje deg å sitje i instituttrådet ved instituttet ditt eller kanskje i fakultetsstyret? Eller kanskje veit du om nokon som kunne eigna seg. Spør vedkomande om det er ok at du foreslår han/ho som kandidat. Alle forslag/spørsmål sendast til Ida Lundberg Samulesen: Ida.Samuelsen@psyfa.uib.no innan fredag 25.april. For meir informasjon, sjå også valreglementet ved UiB: http://regler.app.uib.no/regler/Del-1-Overordnede-rammer/1.3-Regler-for-styringsorganene/Valgreglement-for-Universitetet-i-Bergen

Ta utfordringa!

psykSTIP

Leave a Reply

Your email address will not be published.