Innspel frå PsykSTIP i arbeidet med Helsecampus Årstadvollen (HCÅ)

Følgjande punkt er utarbeidd på bakgrunn av samtalar med stipendiatar i alle dei fagmiljøa ved fakultetet som er planlagt inn i HCÅ. PsykSTIP opplever eit stort engasjement i stipendiatgruppa for korleis det skal leggjast til rette for gode arbeidsforhold i det nye bygget. Basert på signala ein har fått har PsykSTIP formulert følgjande krav til arbeidsplassar for stipendiatar ved HCÅ:

o Stipendiatar kan dele kontor med andre stipendiatar, men ikkje sitje i større opne landskap. Det bør vera maksimalt 3-4 stipendiatar pr. kontor. Kvart kontor må vera skjerma for støy utanfrå.

o Kvar stipendiat vert tilbydd eige cellekontor for det siste året av PhD’en og i andre situasjonar som krev dette

o Stipendiatar skal plasserast innanfor instituttet sine veggar

Argumentasjon for desse krava er utdjupa i det følgjande:

Kontorfasilitetar som passar arbeidsoppgåvene: Stipendiatane er svært opptekne av at kontorlokala for stipendiatar vert utforma i tråd med arbeidsoppgåvene stipendiatane har. Fram til no har dei foreløpige teikningane av HCÅ, blant anna utforma på bakgrunn av premissane gjeve av arbeidsgruppa, lagt opp til eit markant skilje i arbeidstilhøve for ulike grupper av tilsette. Ein har lagt opp til at dei faste tilsette har eigne kontor, medan midlertidig tilsette, inkludert stipendiatar er plassert i opne kontorlandskap. Gjennom deltaking i den lokale brukergruppa har PsykSTIP fått forståing av at utforming av kontorlokala vil koma på eit seinare tidspunkt i prosessen og at ein stor del av denne prosessen vil liggja på instituttnivå. For å sikra stipendiatar på tvers av institutta nokolunde same arbeidsforhold ved HCÅ vil vi utfordra fakultetsleiinga/instituttleiarar på følgjande:

Stipendiatane stiller spørsmål ved om det markante skiljet i planlagde kontorfasilitetar for dei to gruppene tilsette er basert på eit tilsvarande kvalitativ skilje i arbeidsoppgåver. Stipendiatar er tilsette ved UIB og har difor mange av dei same arbeidsoppgåvene som andre vitskaplege tilsette. Vi registrerer at det i dag er stor skilnad mellom institutta i kva type kontorfasilitetar som vert budd stipendiatane. PsykSTIP har fått signal frå stipendiatar som allereie no opplever at større felles kontor er lite eigna for det arbeidet dei skal gjera, er svært bekymra for planane om opne kontorlandskap. Arbeidsoppgåvene til stipendiatar krev stor grad av konsentrasjon og ein konsekvens av opne kontorlandskap vil vera auka bruk av heimekontor. Dette vil ha konsekvensar for samarbeid mellom stipendiatane, samt mellom stipendiatar og resten av fagmiljøet dei høyrer til. Vi stiller oss difor undrande til kva rasjonale som ligg til grunn for at arbeidsoppgåvene til blant anna stipendiatar er egna til opne kontorlandsskap. Forsking viser at opne kontorlandskap egnar seg til rutinearbeid, medan ikkje i arbeid som krev konsentrasjonsevner. Stipendiatar er også skeptiske til om konfidensialitet og sikkerheit knytt til datamateriale vil vera godt nok sikra i eit slikt landskap.

PsykSTIP har registrert ein argumentasjon om at stipendiatar kan ha behov for å snakka saman i deler av prosjektet sitt og at det då kan vera ein fordel å sitja saman med andre i opne kontorlandskap. Stipendiatane meiner dette argumentet er svært problematisk. Ein finn det svært usannsynleg at ein klarar å organisera individuelle prosjekt på ein slik måte at det vil vera passande for alle i eit ope kontorlandskap å samarbeida på same tid. Så lenge det er nokon i landskapet som er i ein konsentrasjonskrevjande fase, er landskapet ikkje eigna for nokon som helst samhandling som kan forstyrra dette arbeidet. PsykSTIP har blitt oppmoda av leiinga ved fakultetet til å danna felles front med stipendiatar frå andre institusjonar som er planlagt inn i HCÅ i arbeidet med å sikra gode arbeidstilhøve for stipendiatane. Vi meiner det er leiinga ved fakultetet som har det overordna ansvaret for å sikra at behova til stipendiatar frå vårt fakultet blir ivaretatt i den vidare planlegginga av HCÅ. Andre institusjonar kan ha andre kulturar og operera med standardar som ikkje samsvarer med ambisjonane til vårt fakultet. Vi meiner fakultetet har eit sjølvstendig ansvar for å vurdera kva som er eigna kontorfasilitetar for vitskapeleg arbeid av høg kvalitet og for å sikra ein fortsatt høg gjennomføringsrate for stipendiatar ved fakultetet.

Stipendiatane vil på bakgrunn av dette at fakultetet legg til rette for felleskontor for stipendiatar ved HCÅ, med maksimalt 3-4 stipendiatar pr. kontor. Dette er i samsvar med HEMIL sin høringsuttale 03.03.2017 og med signala vi har fått frå stipendiatar ved institutta som er planlagt inn i HCÅ.

Fleksibilitet: Til dømes i siste del av stipendiatperioden melder mange stipendiatar stort behov for å ha tilgang på eige kontor og dette vert i dag tatt omsyn til ved fleire av institutta ved fakultetet. I tilpassinga til den einskilde stipendiaten vert det også tatt omsyn til om ein har spesielt krevjande og/eller sensitive arbeidsoppgåver, og/eller eventuelle behov for skjerming knytt til helse eller andre personlege omsyn. Stipendiatane ønskjer at fasilitetane ved HCÅ kan utformast på ein slik måte at institutta som skal inn i HCÅ har høve til å visa fortsatt og auka fleksibilitet i kva type kontorfasilitetar som vert budd den einskilde stipendiat i ulike fasar av prosjektet.

Nærleik til fagmiljø: Stipendiatane har vore opptekne av å sikra at dei har sine arbeidsplassar integrert i sine respektive fagmiljø i HCÅ. PsykSTIP har registrert at dette ønsket er i tråd med rektor Dag Rune Olsens utsegner på styre-strategiseminaret for Det psykologiske fakultet 14. september 2016 og at Dekan Jarle Eid, i fakultetsstyremøtet 7. september, gav tydeleg signal om at det er viktig for fakultetet at stipendiatane er integrert i fagmiljøa ved utforming av HCÅ. PsykSTIP kjenner seg difor trygge på at dette behovet vert ivaretatt på ein god måte og har signalisert dette til stipendiatane ved fakultetet.

Vi ynskjer å presisere at PsykSTIP som organ ikkje har tatt stilling for eller imot HCÅ. Vi representerer alle stipendiatane ved fakultetet og desse har ulike meiningar i denne saka. Innspela som er gjort greie for her er utarbeidd for å sikre gode arbeidsforhold for stipendiatane. Ta gjerne kontakt med oss for eit vidare samarbeid om dette.

 

Med venleg helsing

PsykSTIP v/ Olin Oldeide og Kari Hagatun

13.06.2017

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *