Høyringssvar vedrørande forslag til framtidig organisering og kvalitetssikring av forskerutdanninga ved UIB

PsykSTIP fikk forespørsel fra Forskningsseksjonen ved fakultetet om å komme med innspill på «Rapport om fremtidig organisering  og kvalitetsikring av forskerutdanningen ved UiB». Her er PsykSTIPs høringssvar:

Høyringssvar frå PsykSTIP vedrørande forslag til framtidig organisering og kvalitetssikring av forskerutdanninga ved UIB

PsykSTIP er eit fagpolitisk og faglig-sosialt utval for alle stipendiatar som er tekne opp ved forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet ved Universitet i Bergen. PsykSTIP består av stipendiatar frå dei fem ulike institutta ved Det psykologiske fakultet, og arbeider for å fremje stipendiatar sine interesser og synspunkt i relevante saker.

PsykSTIP er positive til arbeidsgruppa si tilråding om fakultetsvise ph.d.-program og til å fastsette eit kvalitetssikringssystem for ph.d.-utdanninga ved UiB.

PsykSTIP ynskjer meir informasjon om mandat og samansetjing av den føreslåtte styringsstrukturen for ph.d.-programmet på kvart fakultet (programstyret). PsykSTIP ser det som viktig at medlemmane i eit slikt programstyre på fakultetsnivå representerer den faglege breidda ved fakultetet. PsykSTIP føreslår difor at det må verte fastsett i mandatet at det skal vere representasjon frå alle institutt ved fakultetet, og at samansetjing av representantar sikrar balanse mellom den kvalitative og den kvantitative forskingstradisjonen.

PsykSTIP vil peike på at det bør verte nedfelt i programstyret sitt mandat at stipendiatane må vere representerte med minimum to representantar. Ved Det psykologiske fakultet har ein to jamstore grupper stipendiatar som er tatt opp i forskarutdanninga. Den eine gruppa er stipendiatar tilsette ved UiB, medan den andre gruppa er tilsette ved andre institusjonar. Sidan begge gruppene er likeverdige deltakarar i forskarutdanninga ved fakultetet, ser PsykSTIP det som naturleg at begge også vert representerte i programstyret. Dette ynskjer vi for særskilt å sikre at stipendiatar utan tilsetting ved UiB får tilstrekkeleg høve til å påverke den forskarutdanninga dei tek del i.

I vedlegga til rapporten har arbeidsgruppa teikna opp korleis strukturane for forskarutdanning og kvalitetssikring skal verte formaliserte på universitets- og fakultetsnivå. PsykSTIP registrerer at skildringa av strukturane på fakultetsnivå tek utgangspunkt i allereie eksisterande praksisar på fakulteta. PsykSTIP vil oppmode til at ein no nyttar høvet til å forbetra desse praksisane før dei vert formaliserte, eller at ein peiker ut retning til eit vidare arbeid med å utforme dei nye strukturane. Dette gjeld til dømes framdriftsrapporteringa der PsykSTIP ser fleire svakheiter ved noverande ordning. Mellom anna vert denne nytta til å kartleggje stipendiaten sitt tilhøve til rettleiar, og PsykSTIP stiller store spørsmål ved kor eigna framdriftsrapporteringa er til å kartleggje slike forhold. Ved Det psykologiske fakultet har det vore slik at om ein kryssar av at en ikkje er nøgd med tilhøvet, vert dette ei sak for FFU. Framdriftsrapporteringa har såleis ikkje gjeve stipendiaten nokon kontroll over den vidare prosessen. Sidan relasjonen mellom rettleiar og kandidat alltid, og nødvendigvis, inneber ein ujamn maktrelasjon, er det ikkje utan risiko for ein kandidat å melde inn misnøye med rettleiar.

PsykSTIP har også registrert at tal frå framdriftsrapporteringa vert nytta på systemnivå til å slå fast kor nøgde stipendiatane er med rettleiarane sine, mellom anna i «Forskerutdanningsmelding 2015». Grunna det vi ovanfor peiker på som veikskapar og manglande anonymitet i framdriftsrapporteringa, stiller PsykSTIP spørsmål ved kor eigna framdriftsrapporteringa er som verktøy til å få frem reelle tall på dette. PsykSTIP ber difor om at ein i den vidare prosessen klargjer tydelegare korleis framdriftsrapporteringa skal verte nytta til tiltak på individnivå og på systemnivå, samt at ein finn meir eigna ordningar for å kartleggje og arbeide med eventuelle problem mellom stipendiat og rettleiar. På individnivå føreslår PsykSTIP at det vert gjennomført årlege medarbeidarsamtalar med alle stipendiatar, med andre enn rettleiar, for å avdekkje eventuelle problem. På systemnivå føreslår PsykSTIP at det vert gjennomført årlege anonymiserte undersøkingar av det psykososiale arbeidsmiljøet til stipendiatane, der mellom anna stipendiatane sine tilhøve til rettleiarar kan verte undersøkt.

PsykSTIP etterlyser også eit eksplisitt fokus på korleis karriererettleiing skal sikrast på fakultetsnivå, då dette er eit satsingsområde i “Handlingsplan for forskarutdanning 2016- 2022”.

På vegne av PsykSTIP,
Olin Blaalid Oldeide, Leiar av PsykSTIP
Kari Hagatun, Gruppe B-representant i FFU og medlem i PsykSTIP
Øyvind Wiik Halvorsen, Stipendiatrepresentant i arbeidsgruppa for den nye regionale
forskarskulen Western Norway Graduate School of Educational Research II (WNGER II) og
medlem i PsykSTIP

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *